Kristin Skrivervik

Naturen er grunnlaget for alt i min kunst

Jeg ser på Moder Jord som vår største kropp. Så kan jeg, når jeg vandrer i natur av forskjellig slag oppleve særlig fjellformasjoner som gamle, sovende vesener. Disse har også sin kropp og sin hud. Dette er en makrobeskuelse. Ved å flytte fokus enda nærmere et mikroplan, til de små formasjonene som alt er bygget opp av, kommer noe annet igjen til syne og allikevel vet jeg at det hele henger sammen. Alt henger sammen med alt og bærer alt i seg.

Dette seier Kristin Skrivervik i ein e-post til meg. Det er presist sagt; og eg vil også hevde at sitatet gir ord til den oppleving ein kan ha i møtet med arbeida hennar. For meg veks bileta hennar ut av ei stor stille. Det er ei potent stille, ei stille ladd med eit nærvær som ikkje kan fangast på formel, ei stille som finst bortanfor det som seiest, som Tarjei Vesaas ville ha uttrykt det. Stilla kan altså ikkje uttrykkjast i seg sjølv, som seg sjølv – men ho kan peikast på, ymtast om, kvilast i, opnast for.

Og i denne haldninga, denne viljen til å leite etter det som er bortanfor det som seiest, kan arbeida til Kristin Skrivervik vera inspirasjonar, vegvisarar.

Stein Versto

 

 

info@kristinskrivervik.com